It's not a miracle you need

Dagen i går gjekk så utrulig fort at eg rakk ikkje heilt over å skrive eit ok innlegg med tekst. Det som skjedde i går var at eg, Valgjerd, Adrian og Amanda reiste inn til Høyanger for å samarbeide med fire elevar  der - Kristin, Anna, Mari og Robert. Vi samarbeidar om ein prosjekt om å lage ein film frå næringsreisa vi var med på i slutten av august. Vi har alle på kvar vår kant filma, bilde og opptak, og resultatet er at vi har mange timars tur vi kan velge mellom å ta med i ein kort film på rund 5-7 min. Er ikkje så lenge til fristen for å gjere klar denne filmen går ut, så vi må jobbe mykje dei neste to/tre veken for å få den ferdig - men eg gleda meg faktisk til å sjå resultatet. Vi som laga filmen vil selvfølgelig at den skal vere fengande for ungdom og ein ny-vri for dei som er litt eldre! Kanskje ein film for alle?

Dagen i dag byrja med at vi fekk besøk på helse og sosial bygget (der vi øver oss på praktiske ting, reie opp senger, lage mat, vaske osb...). Det var rundt ti menneske som var på ei næringsreise, og vi var den heldige klassen som fekk presangtere kva vi holdt på med og kva vi gjorde i timane. Eg måtte snakke litt om elevrådet, er ikkje kvar dag ein finner ein elevrådsleder som går helsefagarbeider - dei fleste elevrådsledarane pleier å vere frå studiespesialisering. Men det var faktisk veldig kjekt å halde eit kort foredrag for dei ti menneska som var på besøk hos oss - dei var veldig smilande og stilte spørsmål


♥Signe

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

blondinepower

blondinepower

16, Fjaler

To blondiner som deler kvardagen sin med deke. Bloggen byr på utfordringane til to blondiner i kvardagen. Det er ikkje alltid like lett å ha ferre hjerneceller enn andre.... x) PS!! Nye bilder kvar jævla dag! :D

Kategorier

Arkiv

hits