Julestemning

Hei!
Dagan i dag har gått i eitt sidan eg stod opp.. Hadde engelsktentamen 3 timar i dag. Trur faktisk det gjekk ganske bra, men det får eg no sjå når eg får den tilbake.. Etter tentamen pynta vi klasserommet til jul, og det vart super koslig! Vi brukte ganske lang tid på å pynte å henge opp adventspakkane, for då slapp vi vanlig time.. Når vi hadde pynta ferdig såg vi ein film, som eigentleg var litt trist..

Når skulen var slutt måtte eg ned på butikken og handle middag som vanleg. I dag vart det fiskebollar i kvit saus og poteter.. Eg er ekstremt dårlig til å koke poteter og har aldri laga kvit saus før, men det vart faktisk ganske godt. Det einaste negative var at potetene var fortsatt litt harde i midten..

Har og hatt besøk av Susann og Solbjørg i dag. Vi satt for det meste på rommet og snakka. Hadde det sjukt morsomt! Fann og ut at Susann skal sove av meg i måra, så då skal vi kose oss max!

 


Signe heng opp adventspakke i taket!


Ramona og Marte laga julelenker..


Solbjørg!




Julekalenderane til meg og Ove Johnny <3

Susann har det gøy.. Trudde eg skulle bli sprø..


Silje

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

blondinepower

blondinepower

16, Fjaler

To blondiner som deler kvardagen sin med deke. Bloggen byr på utfordringane til to blondiner i kvardagen. Det er ikkje alltid like lett å ha ferre hjerneceller enn andre.... x) PS!! Nye bilder kvar jævla dag! :D

Kategorier

Arkiv

hits