eg er god nok


Det blir bedre å lese med litt musikk!

Signe: korfor fekk eg ikkje bli ferdig? Korfor kan ikkje eg få vise kva eg kan? Værså snill, la meg få vise!

Det er ikkje få ganger at eg har fått følelsen av at eg ikkje gjer mitt beste, tanken river i meg. Mest av alt vil eg berre gje opp. Men eg klara ikkje å gje opp skulearbeidet, det vil sikkert gå bedre neste gang - berre eg legger meir arbeid i det.

Det er ikkje det at eg ikkje har gjort mitt beste, at eg har skulka eller at eg har brukt lite tid på skuearbeidet. Eg kunne sitte heime i timesvis. I perioda - kunne sitte med leksene frå 1500- til 2100. Men sjølv om det har gjort meg små-gal har det i grunn ikkje gjort meg noke, eg lika jo skulen, så at eg bruke lang tid på  gjere leksene heime var i grunn  og bunn ikkje det verste. Det verste var at eg mange gonga ikkje blei heilt ferdig på prøvane vi hadde og eg arbeida ikkje så fort. Men eg likte prøva, men eg blei ikkje ferdig. Eg likte å arbeide, men kom ikkje så langt som eg burde. Alle andre klarte å fulføre, men korfor ikkje eg?

Slik har eg hatt det i grunnskulen. Eg kan ikkje legge skjul på at eg har likt og forsett liker skulen - for det gjer eg. Men til tider har eg følt at skulen har misslikt meg. Men så byrja eg på Dale vidaregåande skule. Dette er ikkje tull: mykje forandra seg. 1 til 2 veker etter eg byrja på skulen hadde vi kartleggingsprøve i norsk. Resultatet av kartlegginga var ikkje så bra. Eg leste få ord i minuttet. Eg var heldig. Eg fekk hjelp. Eg og norsklæraren min byrja å fulle ut skjema om å få ein kartleggingsprøve hos PPT. Veka etter høstferien byrja eg på møte for å teste meg opp mot dysleksi.

For nokre daga sida fekk eg vite at eg ikkje har dysleksi. Problemet var at eg leser, men hovudsakleg arbeider seint. Ting tar lenger tid for meg å gjere. Og når eg leser fagstoff har eg ikkje problem med å hugse årstall, men å hugse det viktigaste istede for eit heilt begrep, det er vanskeleg for meg. Altså minnet mitt når eg les kan vere litt vanskelig, derfor er det lettare å lese ting sakte og fleire ganga.

Eg er ikkje berre heldig, eg er veldig heldig. Fra no av har eg utvida tid under prøvar, tentamen og eksamen. Men selfølgelig skal det ikkje vere utvida tid på innlevering, det er noke eg sjølv må ta meg av, og det går supert. Eg har fått muligheten til å vise kva eg kan - sjølv om eg bruker lenger tid. Eg kan hoppe i take, svinge meg og grine og le på samme tid. Etter alle desse åra, får eg endelig mulighet til å roe meg ned, sleppe å tenke på at eg må jobbe raskare, at eg ikkje får vist kva eg er god for - for det vil eg!

Signe

Én kommentar

Elisabeth M.

30.11.2011 kl.08:56

Du er herlig! Veldig bra skreve, Signe :D

Skriv en ny kommentar

blondinepower

blondinepower

16, Fjaler

To blondiner som deler kvardagen sin med deke. Bloggen byr på utfordringane til to blondiner i kvardagen. Det er ikkje alltid like lett å ha ferre hjerneceller enn andre.... x) PS!! Nye bilder kvar jævla dag! :D

Kategorier

Arkiv

hits